SISTE OPPDATERING:

Dette blir det siste vi skriv frå hovudkvarteret til DOM NEWS. Det ser ut til at snøen har lagt seg over heile landet, heile Nord-Europa, faktisk. Sjefsredaktøren og direktøren har forsvunne i eit stort svart skip som forlot Ny-Bryggen midt på natta. Det er berre oss journalistar igjen på kontoret.

Etter at det svarte skipet forsvant, falt snøen så intenst at heile Bergensbassenget er islagt. Vi kjem oss ingen stader og snøen ligg fire meter tjukk i Bergen sentrum.

Temperaturen er også så låg at det begynner å bli farleg å gå utandørs. Eg og dei gjenverande journalistane forlater no jobben vår og reiser heim til familiane våre. DOM NEWS sine spiondronar har fanga opp eit ukjent skip på flukt frå vêret. Måtte Gud vere med alle saman.

Forsinka sommar

Vanlegvis kosar vi oss med varme dagar og is på strendene, men i år har sommaren komme litt seint.

Dette er heilt vanleg og ingenting å uroe seg over.

Absolutt ingenting å bekymre seg for!!

Berre ein litt sein sommar, det er alt. Dessutan kan palmane som veks i Noreg godt tåle nokre kuldegrader, men vi har ingen grunn til å tru at det skal bli kaldare.

Oppdatert: Grunna litt ruskevêr er det ikkje anbefalt å legge ut i småbåt i Bergensbassenget. Ny-Bryggen er stengt for gjennomgangstrafikk på ubestemt tid. Men framleis ingenting å bekymre seg for!!!!!

Bli med i marinen, du òg!

Vil du styre skip? Eller fikse ting om bord? Eller kanskje vere kaptein og jakte på piratar?

Gjer som tusenvis av andre unge og bli med i marinen. Her blir du opplært i mange ulike disiplinar, og du treng kun tene Alliansen i tjue år etter ferdig utdanning. Eit slikt tilbod er nesten for godt til å vere sant!

Ta kontakt med ditt næraste Dominion rektrutteringskontor! (Du må akseptere DNA-godkjenning og kjønnsklassifisering)

Tokt i rute

Matrasjoneringa held fram blant dei dårleg stilte, og dersom vi ikkje tar oss saman og oppretthalder maksvekta, blir vi nøydde til å innføre rasjonering også blant oss andre. Hugs at ein syltynn kropp er ein sunn kropp.

For å hindre at maten tar heilt slutt har Alliansen sendt eit splitter nytt forskingsskip til Grønlandshavet for å leite etter fiskeforekomstar. Royal Research Ship «Bluenose» er eigd av Dominion Weststrom Group og er under britiske kaptein Harris sin kommando. Toktet er i rute, og forskingsleiaren om bord, havforskar Embret Kløver, er optimistisk og ser fram til ein stødig flaum av sjømat dei næraste åra.

Falske nyheiter

Dom News kan i dag fortelje at rapportane om krigshendingar i Grønlandshavet er falske nyheiter, og Canada er ikkje invadert av Americas. Bilda som har florert på Satnettet er falske, og journalistane som har vidareformidla desse uhyrlege påstandane er internert.

Lokalpolitikk

Terrororganisasjonen «Fjord over grind» skal stille til val også neste år. Nasjonspartiet har lenge jobba for å forby slike ekstreme organisasjonar, men enn så lenge må vi tåle å bli utsett for propagandaen til miljøterroristane. Olje- og energiminister i Nasjonspartiet, Inge Vik, seier til Dom News at om ikkje lenge blir det heldigvis berre eitt parti å stemme på. Viss Gud vil.

Er du lei av stresset i den vestlege verda?

Drøymer du om eit liv der du har alt?

Er alle dine indre organ

og netthinner intakte?

Vi henter nye borgarar frå moloen utanfor Ny-Bryggen klokka to kvar natt. Hald utkikk etter ein strålande ubåt som er utsmykka med flagget til vår storslåtte Stat! Du vil bli frakta til eit liv du aldri kunne ha fantasert om, der du får din heilt eigen mobiltelefon utan å stå på ei vestleg venteliste!

(Den kinesiske staten fråskriv seg alt ansvar dersom du skulle bli utsett for kidnapping, ran, «utvida» avhøyr og/eller inngripande kirurgi eller bli oppfordra til å delta i militære spesialoperasjonar. Hugs å skrive testamente før oppmøte.)

 

Ta vaksinen!

 

Det er alltid noko nytt som går!

Ta vaksinen!

Kvart år sidan sidan vaksinekrigane i gamle USA, har vi i Alliansen tatt vaksinen vår! Dominion har beskytta oss mot mange farlege virus, og det held dei fram med så lenge det trengs. Dersom vaksineroboten kjem heim til deg, møt hen med eit smil!

For ingen vil vel ha besøk av karanteneroboten?

 

Vår felles historie

Hugsar du den gongen då hundar og kattar sprang rundt og spreidde livsfarlege sjukdomar? Hugsar du den gongen då menneska gjorde seg avhengige av dei firbeinte miljøsvina?

Nasjonspartiet sin humanistiske politikk har fjerna dette elementet frå samfunnet, og no har det siste landet i Alliansen, den vesle fjellstaten Helvetica, også innført forbod mot virusdyr i privat eige. Kun statleg autoriserte bønder har lov til å halde husdyr til menneskeleg konsum, altså mat.

Ikkje gløym alle dei skjebnesvange ulempene ved å eige eit dyr:

Dei var ei enorm belasting på miljøet gjennom maten dei åt, alle bi-produkta som blei produsert som klede, medisin, leiker osv. Alt dette brukte opp ressursane som vi menneske trong.

Hundar drap mange menneske i året. Spesielt barn!

Dei frykteleg stygge kattane drap mange hundre millionar fuglar i året. Noko som var i ferd med å bryte ned økosystemet.

Alle hundar hadde rabiesviruset i seg. Fotografen av dette bildet døydde

Alle kattar såg slik ut

Kor går årets ferie??

Årets ferie går til … Tyskland! Så dersom du ikkje brukte opp utanlandsturen din i februar, kan du besøke Berlin i sommar istaden!

Toga vil gå kvar time i heile juni, juli og august. Det blir kanalsurfing, løvesafari, restaurantbesøk, vinsmaking og sjølvsagt underhaldning av dei beste artistane Alliansen kan tilby, blant anna A-POP bandet GöringS, som speler sine største hits, som «If it ain`t white (it ain`t right)», «We don`t miss the planes», «Sports are for suckers, anyway!» og den klassiske balladen «Killer dog».

Toget går via Sverige og Danmark, og dersom du ynskjer kan du hoppe av og på der. Men du må vere tilbake i Noreg etter ei veke i utlandet!

 

Nye idrettsgreiner!

Etter at internasjonal sport blei avskaffa for tjue år sidan, har mange tatt til orde for at vi bør opprette meir nasjonale, unike og sjølvsagt kortreiste idrettsgreier.

Derfor har Nasjonspartiet komme med nye og spennende idrettsgreiner det norske folk kan konkurrrere i, som ikkje øydelegg miljøet slik dei gamle og fæle sportsdisiplinane gjorde. Ingen utslepp, ingen lange turar er naudsynt og du hjelper samfunnet!

Palmeskjering. Ei idrettsgrein der du også kan gjere nytte for deg. Alle palmane som vi har her i landet no, må beskjerast, og kvifor ikkje prøve å gjere det om kapp?

Kunstsykling. Kven syklar finast på straummølla? Kor mange stilpoeng klarer du å få? Og kor mykje straum klarer du å produsere?!

Ausing. Det regnar jammen nok i regntida, kven klarer å ause mest vatn? Denne idrettsgreina kan gjerast overalt, også her kan det delast ut stilpoeng.

Kvifor ikkje bruke vatnet til noko nyttig?

Aus deg varm!

Denne sida er eigd av Dominion Weststrom Group.

All kopiering fører til internering.

Illustrasjonar: Nikolai Lockertsen.