Jamal Farid

Jamal er ein tretten år gammal gut som har sete store deler av livet i rullestol. Då han var elleve gjekk han gjennom ein avansert operasjon, og fekk heilt nye robotbein. Dette går ikkje an å sjå frå utsida, men inni beina og ryggraden har han implantat som hjelper han å gå. Faktisk kan han stå stødigare og springe fortare enn andre på hans alder.

Jamal har alltid gjort det bra på skulen, og han er veldig opptatt av miljøvern og havforsking. Far hans, Hassan Farid, er overstyrmann om bord på det splitter nye forskingsskipet Bluenose, og Jamal skal vere med på jomfruturen. Eit tokt som skal gå langt nord i Atlanterhavet og leite etter nye fiskeforekomstar. Jamal har gleda seg i årevis til å kome seg ut på havet og hjelpe til. Han veit at dette toktet er eit av dei viktigaste nokon gong. Forskarane må finne fisk, for at menneska skal overleve.

Jamal kjenner så vidt Eira frå før, men han er litt redd for henne. Ho verkar sint og vanskeleg å ha med å gjere. Han skjønar ikkje kvifor ho er så vrang. Det er jo draumen hans å vere om bord! Han har sett for seg at toktet skal bli heilt fantastisk, men på grunn av uro i verda blir ingenting slik han forventa.

Eira Kløver

Eira er ei tretten år gammal jente som likar reality, hårfarging og vennene sine Betty og Jeanette. Men Eira er utvist frå skulen, og politiet har beslaglagt mobilen, og stengt henne ute frå Satnettet. Dette skjedde berre nokre veker før sommarferien, og far til Eira har bestemt at ho må vere med på tokt på Bluenose. I mange månadar. Utan nett, og utan mobil! Eira er rasande på alt og alle då ho kjem om bord i skipet, inkludert den irriterande nerden Jamal. Ho hatar alle om bord, spesielt far sin Embret, som er forskingsleiaren. Og kapteinen, ei arrogant dame i kvit uniform som kastar Eira over bord! Den einaste Eira likar litt, er førstestyrkvinna Kimmy. 

Eira gjer kva som helst for å komme seg av skipet og heim til Bergen, men det skal vise seg å bli svært vanskeleg. Men å vere om bord begynner å bli ekstremt farleg.

Betty og Jeanette

Dei to beste vennene til Eira, men som ho ikkje har fått ha kontakt med under toktet på Bluenose. Når Eira kjem i land igjen, er det ingen av dei som vil ha noko med henne å gjere.

Kaptein Harris

Øverstkommanderande på Bluenose, etter å ha vore i den britiske marinen i tjue år. Ho fører ein streng disiplin om bord, og godtar ikkje tøys frå nokon. Går som regel i kvit uniform, og blir sjelden sint.

Olaf Wang

Olaf er ekspert på droner og ubåtar og kjem om bord i Bluenose rett før andre toktet. Han kan hacke dei fleste datanettverk.
 

Kari Volle

Ingen veit kor gamal Kari Volle er, men rundt åtti er ho i alle fall. Ho er involvert i det meste som går galt, verkar det som. Ho er sjef for firmaet Deepwater, ho har vore leiar i det ekstreme Nasjonspartiet, og ho møter Jamal fleire gonger. Volle har kanskje eit vanleg namn, men er langt frå gjennomsnittspensjonisten.

Anne-Britt og Hallvard

Anne-Britt er mor til Eira, og Hallvard er den nye kjærasten hennar. Dei bur langt ute i havgapet utanfor Bergensbassenget og Eira hatar Hallvard og alt han står for. Hallvard var ein av dei som stifta den politiske organisasjonen «Fjord over grind».

Kimberly «Kimmy» Hansen

Kimmy er førstestyrkvinne om bord i Bluenose, og kjem frå Finnmark i Noreg. Ho er adoptert og har hatt ein tøff oppvekst der ho har blitt utsett for mykje rasisme.

Ho gjennomskodar Eiras forsøk på å rømme med det same, og Eira likar henne. Det same med Jamal, men han likar henne av heilt andre grunnar.

Oberst Sarah Walker

Walker er leiar for den mystiske Deepwater-troppen som dukkar opp under Bluenose sitt andre tokt. Ho skremmer Jamal, og er tydeleg involert i noko ulovleg.
 

Embret Kløver

Embret er far til Eira, og forskingsleiar om bord i Bluenose. Saman med kollegaen Sergei er han ein av dei første som innser kor stor trussel klima er i ferd med å bli.

Hassan Farid

Hassan er far til Jamal og overstyrmann på Bluenose. Opprinneleg båtflyktning frå Egypt, som har vore åleinefar for Jamal sidan mora døydde under fødselen.