Om få år er verda heilt forandra. Byar og land har forsvunne under havet som stig. Millionar av menneske er drivne på flukt frå kysten. Andre flyktar frå brennande varme
Forskingsskipet Bluenose skal leite etter fisk i Atlanterhavet. Saman med mannskapet og forskarar er dei norske trettenåringane Jamal og Eira ombord. Begge har fedre som jobbar på skipet. Jamal er verkeleg interessert i oppdraget, medan Eira er med mot sin vilje. Men så hamnar skipet midt i ei brutal krigssone. Jamal og Eira forstår at dei små kranglane dei har blir uviktige i møte med eit stormfullt hav, menn med maskingevær og vulkanen som vaknar.